VEGANLEGG PÅ STEDJE I SOGNDAL
Kveen Anlegg vann oppdraget Statens Vegvesen lyste ut på Rv. 55 på Stedje i Sogndal.
Her er vi no i sluttfasen på utbygging av 150 meter gang- og sykkelveg, to busshaldeplassar, støyskjerm og veglysanlegg.

Gang- og sykkelvegen går frå Sjøkanten og inn mot sentrum. Sjøkanten med sine mange butikkar og leilegheiter er blitt veldig populært i sognebygda, og har skapt behovet for ny gang- og sykkelveg.

Oppdraget skal vere ferdig til 15. september.